Fausko Gjestegard
Bryllup på Fausko
Fausko er staden for ekte låvebryllup og bryllup med bonderomantisk sus. Tre dagar til endes..
Autentisk gardsmiljø og tømmerhus med atmosfære og historisk sus er ei flott ramme for bryllupfeiring. I tillegg til den unike bryllupslåven på Fausko er det flott tilrettelagt utearena for både seremoni, mingling og moro. Og sjølvsagt rikeleg med gode senger. Fausko har sidan 1990 talet vore vertskap for nærare tre hundre bryllup. Det er utan tvil bryllupshelg med opplegg frå fredag til sundag som gjev dei beste opplevingane.
Bryllupslåven på Fausko har atmosfære i autentisk låvemiljø, stilfullt med langbord og benkar med saueskinn. Gode stolar har me også, for dei som ynskjer det. Stor kapasitet med anretning, stilig bar, peis og bakaromn. Lyd og lysanlegg med konserstandard, fibernet, projector og stort lerret. Ein skal leite lenge for å finne maken!
Med bakgrunn i mange års erfaringar gjer vi vårt beste for å legge til rette for opplevingsrike og minnerike bryllupsfeiringar.
Takk for tilliten! Heile 22 brudepar valde å halde bryllaupet sitt hos oss i 2023.
Foto brudepar: Signe Fuglesteg Luksengard